Imágenes de páginas
PDF
EPUB

Um serr D. N. I nr. 15224 (1317).

I Diplomatarium Norvegicum ("D. N.") I nr. 152,3-24 (aar 1317 Heddal) les eg:

"Var madren tuigilldr dómdr pui at han var drepenn a sealfs sins akre medan han serr......

[ocr errors]

Serr er det same som vanleg gln. sær 3 sg. pr. "saar" (sc. korn).

Korleis hev denne underlege formi (med e i staden for é og tvo r'ar) kome upp? Er det i det heile trulegt at ho svarar til uttalen paa den tid? Eg meiner ja.

I Lundeherad i Nedre Telemarki segjer dei enno slerr, præs. av slaai tydingi "slaa høy". Men elles hev eg berre höyrt slær, slår i Nedre Telemarki: "han er ute og slær idag" (sc. höy), "eg slær til deg", "ho slær det i kjeret", el. likn., med lang vokal og stutt konsonant.

I byen Skien og paa grensorne umkring hev eg raaka til aa höyra slårr i ei setning som denne: "vinduet staar og slårr”, naar det stend uppe, og vinden tek hardt i det.

Det hev daa vakse fram ei serskild form sume stader naar ordet vart bruka prægnant.

Andre stader i Noreg og Sverige hev jamvel infinitiv av dette verbet kløyvst i tvo former, etter samme prinsippet. Soleis i Lardal (Vestfold) og Ore (Dalarne):

slaa (høy), men slö paa hesten el. 1. Ross hev i Norsk Ordbok ("N. O.") slö, præs. slör, fraa mange bygder paa Austlandet, men han segjer ikkje noko om korleis formi vert bruka. Men det er ikkje tvil um at ho er tonelett i minsto hev ho vore det den tid ho voks fram.

[ocr errors]

Ein skulde tru at det maatte vera det same med verbet saa. Men her finn me berre ein uttale i maalføri no. Inf. heiter saa og præs. saar (med ljodbrigde sær, paa Nordmore see), anten dei stend prægnant eller ikkje.

ARKIV FOR NORDISK FILOLOGI XXVIII, NY FÖLJD XXIV.

Serr D. N. I 152,, meiner eg likevel er eit prov for at det ikkje altid hev vore so. Serr er den formi som præsens av sá hadde i Aust-Telemarki i fyrstningi av det 14de hundradaaret naar ordet vart bruka prægnant.

Slerr ("slær høy") no i Lundeherad, og slårr i Skien, saman med den ting at brevet ikkje elles skriv tvo r'ar der det skal vera ein, gjer det full-trygt at den lange 'en i serr er egte.

Og at det er den sterke tone-vegti som fylgde med prægnansen, som er skuld i den lange r'en i serr og slerr, det skynar ein jamvel av det, at ingen av dei andre einstavingsord som endar paar i dialekten, hev fenge lengt han paa denne vis. Er der noko brigde i saa maate ifraa gamalnorsk til nynorsk, so er det heller det at ein lang hev vorte stytt, t. d. i (tak-, fang)-skjær < gln. skiarr.

Det er og grunn til aa tru at vokalen hev vore "høg" (eller "trong") e, ikkje a som me laut venta etter etymologien.

og é.

For brevet skil elles vel millom é (-ljodbridge av á)

é vert skriven a; døme: sammæle (n.) lina 3, 10; være (ipf. konj.) 7, 9; tuær (fem. av tveir) 8 (2 ggr), 15.

é vert skriven e; døme: se (pr. konj.) 1, 24; fe (n.) 7; ser (dat. av refl.-pron.) 12.

Eit anna ord som hev e framfor i Nedre Telemarki, er skjerr f. "skjor" (fuglenamnet uttala med ein "høg" e

koma av ei gln. form

som minner um i). Skjerr maa *skérr, som hev utvikla seg or eit eldre *skærr. I "Nordiska Bidrag" s. 40, 411) avleider Otto v. Friesen ordet av roti i verbet gln. skæva, "bevæge sig hit og dit", og denne etymologi trur eg ikkje skal ha so lite for seg, naar alt kjem til alt. Grundformi "urnord. *skāuirir f., eg. "flaxare, flygare",

1) Kungl. Humanistiska Vetenskapssamfundets i Uppsala Skrifter VII 2.

Dei

har gifvit ett samnord. nom. *skauiRR, gen. *skærar”. tvo r'arne i skjerr forklaarar eg so: Ordet er laga av verbet gln. skáva, got. skewjan med hjelp av det germanske suffikset -isio, -izio (ljodsprang: -izi). Det er soleis ein gamall - iō-stomn, som i gamalnorsk fall saman med i-stomnarne i nominativ, og difor enda paa -R i denne kasus (ylgr, gamalt kvendkyn av græsk únos). Skiftet skjer, skjær—skjære i norske og danske maalføre synest ogso visa at ordet hev havt nominativ paa -R (smlkn. norsk hei(d), dansk hede). Um uppkoma av sideformerne skjor-skjæı (e) skal eg ikkje segja noko her. Forutan v. Friesen hev jamvel prof. Kock uttala seg i "Arkiv" ny följd XIV s. 251, og i Sv. Ljudhist. II § 942.

Ein annan etymologi og ei onnor fork laaring av skiftet ió, á, é ved dette ord gjev Falk og Torp i Etym. Ordbok s. 189. Men at skjerr, Øvre Telem. og Vestlandet skjer, sv. diall. sker, kann koma or *skærr, *skár, um ikkje just paa den maaten som v. Friesen tenkjer seg (loc. cit. s. 39), syner serr D. N. I 1522. samanhalde med slerr no fullt vel; vel hev ikkje slerr den same høge -vokal som skjerr; men det hev heller ikkje same a-vokal som elles er den vanlege framfor (r) i Nedre Telemarki; slerr kjem soleis av slérr. Naar der ikkje er same høge vokal som i skjerr, er det vel fordi sambandet med inf. slaa hev vore livande heile tidi. Smlkn. gln. akr m. – ekra f. > nyn. aaker -- ækra. Kvifor hev de vorte til é i serr, slerr og skjer(r)? — Ei velkjend ovring i (millomalders brevi fraa) Skiens-sysla liksom til deils i gl. trøndsk og vestlandsk 1) gangen fraad til é etter n og framfor n(n), nd. Døme fraa

er yver

1) Sjaa Hægstad Gamalt Trøndermaal 1) § 93, merkn. 3, og Vestnorske Maalføre 2) I s. 10 punkt 4. D. N. VII nr. 98 lina 1, 2, 6, 11 o. m. fl. st. Smlkn. Noreen: Aisl. Gram.3 § 113.

1) Chria Vid.-selsk. Skr. 1899 II nr. 3.
2) Chria Vid.-selsk. Skr. 1907 II nr. 1.

dei eldste Skiensbrev er nesta (superl. av nér = nær) D. N. I nr. 95,, o. m. a. st., vendost smst., vándost i, av vænast, Veno D. N. I nr. 152,1, kv.-namn Væno av nom.

Væna.

=

=

Moderne former med é av etter same lov er pl. fem. netar, nettar (av natt), ner (adv. nere, kompar. nerare, nemare, superl. nest, verbum nerme seg), ven adj. Um utbreidsla av desse former sjaa N. O. Dei er mykje vanlege i landet.

[ocr errors]

I ner og ven er der maa henda ein grunn til for yverforutan nasalen. Gln. nær, nér svagangen fraa é til é rar som me veit til gotisk nehvis (urnord. *nahwir). rer daa her eigenleg R, uppkomen or den urnordiske klangføre s i endingar. I mannkyns-formi vænn hev denne n'en, som vonleg hev vore utrilla tungetipp-r, som ein kan raaka til aa høyra han millom backfischar i Kristiania (gruelig > gzuelig) og i engelsk, smelt saman med n'en i roti, til nn. I Vest-Telemarki gjer dei skilnad paa uttalen av tviljoden ei ettersom han stend framfor m, n eller mr, nn ifraa gamalt. Sjaa Ross Norske Bygdemaal II 1) s. 10. Eks. bein (n.) > bæen, reim (f.) > ræem, men steine, rei'ne osb. (gln. steinn, hreinn m.), ei'me, svei'me osb. (gln. eimr, sveimr m.). Grunnen er etter Ross "kannhende den, at nn hev kravt ei meir energisk framførsle o soleis hev halde talereidskapen vaken o hindra han fraa aa lata tunga sige fraa ei til æe". Ei onnor forklaaring som Ross nemner paa, er at nn hev vore j-fengen ("palatal"), av di han kjem av nr.

Soleis trur eg og at det er r(r) (uttala R(R)) som hev ført vokalen fraa ein "breidare" til ein "trengre" artikulation ( til é) i dei ordi serr, slerr og skjer(r).

Denne meiningi finn eg styrkt ved prof. Axel Kocks utgreiding i Arkiv for nordisk filologi, ny följd IX s. 166

1) Chria Vid.-selsk. Skr. 1906 II nr. 3.

169 um "R-omljud av @ i nord. språk", der han serskilt gjeng inn paa nær, nér, næstr, néstr og fyrst kjem med den tanken at det er n'en som hev ført á til é, liksom han hev ført á til á i nom. pl. fem. (av det personl. pron. 3dje pers.) þær, smlkn. í gær (i gaar). Jmf. ogso Kock i Sv. Ljudhist. I § 346.

[ocr errors]

Nokon innverknad paa vokalen i notid kann dei vel og ha havt dei gamle fortidsformerne av sá og slá: sera (got. saisô) og slera. Den sistnemnde formi er enno haldi ved lag paa Færöyarne, berre at det er skote inn ein d etter analogi med dei linne verb (slerda). So uregelrett ho er, hev ho daa likevel havt god livekraft paa sine stader, og difor kann det ikkje vera av vegen her aa minna um desse gamle præterita.

Oslo februar 1911.

Olai Skulerud.

« AnteriorContinuar »