Imágenes de páginas
PDF
EPUB

endingsvokalarne e og o i open utljod, og i og u i stengd utljod 1). Alt er her i so maate i strid med maalet i Saudebrevet. So er det ogso likjende til at hjaltlandsk paa den tidi Saudebrevet vart skrive, enno gjorde skilnad paa hr og r i fyrstningi av ord, medan brevet hev r i alle höve. Skrivemaaten æi og ay for ei og ey er ogso uvanleg (finst berre i eit hjaltlandsdiplom DN I 109 fraa 1307). Det er soleis ikkje noko som talar serleg for at Saudebrevet er hjaltlandsk, medan fleire ting talar tydeleg mot, og eg dreg difor ut at brevet ikkje hev noko aa gjera med Hjaltland i maalvegen.

16

12

5

19

20

um

Med umsyn paa Færöyarne er der god grunn til aa tru at maalet i den gamle tid hev havt endingsvokalarne i og u baade i open utljod og stengd, liksom Saudebrevet. Skipnaden um tingfarartollen fraa umkr. 1400 (prenta i Dipl. Fær. sid. 27-28), det vesle stykket um skuvöysysterne fraa same tidi (prenta i Innleidingi sid. XXVI) og færöymaalet i vaare dagar hev slike endingar, endaa i-ljoden i det nye maal ofte ligg nær ein e-ljod i open utljod. Paa ein merkeleg maate samstavar ogso noko av e-bruket i Saudebrevet med færöysk. Brevet brukar soleis oftast æ fram for i-ljodbrigdet av á og a- ogso for vanleg gamalnorsk é, t. d. fæ 11 (3 gg; fe 14, fe 618) fænad 510 (4 gg; fenad 15,,) fullrætti, rætt, samrættis 6 ofl. sa 131, 3 ppk (av siá) sæ 611 3 ppk (av vera) sæd 71, (sét, av siá), sær 72, pron. per 8, dsg (av pú) vær 18, pron. (3 gg; ver 8, 2 gg) vælum 82, dpl (av vél f.). Dette syner at é og lang (d) hev falle saman i Saudebrevet sitt maal, og nettupp dette same hev me i færöysk no, der gnorsk fé, vér heiter fæa, væar, liksom gnorsk æfi og gæta hev vorte æavi og gæata. Ogso i mykje anna hev det vore likskap millom færöysk og maalet i det umrödde brevet. Likevel er det sumt ogso her som ikkje vil falla saman. Soleis nettupp med umsyn paa bruket. I Saudebrevet vert det ofte skrive ogso for i-ljodbrigdet av a, som i tækr, sælia, sænda, og endaa for upphavleg e, som i bæra, gæta, gava, kvæðr, ræka, vætrinn for bera, geta osfr. At dette ikkje kann ha vore gamall færöysk syner nyfæröysken. Um ordet gærda 7. (gjera gard) i Saudebrevet upplyser Jakobsen i Innleidingi, at det no paa Færöyarne vert uttala dzjīra, og dette höver til ei gamall skriftform girđa, som me daa ogso finn paa den tilsvarande stad i saudebrevteksti i Cod. H. L. 12 fol. i Lund, og den er ikkje so rett mange aar yngre enn sjölve upphavsbrevet. Dessutan hev Saudebrevet oftast ú- som privativ partikel (u- 8 gg; o- 2 gg), medan nyfæröysk krev ó-. So hev Saudebrevet millom anna ein o-ljod i nokre ord, der færöymaalet etter alt det me kann vita, maa ha havt u-ljod: hion for hiún, or præp. for úr, hertogi for hertugi. Av dette dreg eg ut at maalföret i Saudebrevet maa ha lege mykje nær gamalfæröysk, men likevel ikkje vore nett det same.

14

1) Sjaa Noreen: Altisl. und altnorw. gram.' § 138 og 139.

At brevet ikkje er islandsk ser ein straks. Det skil millom œ og æ (bæta, men gata) so nær som i nokre faa höve, der me hev norske sidestykke. For hl og hr i islandsk hev brevet alltid l og r (læypi, ros ofl. for hleypi, hross). Paa hn vantar det döme. Skrivemaatar som sækr, sætia, takr 3 sp. (av taka), ja endaa bæra (for bera), vætrinn, gæta, fæ (for vetrinn, geta, fé) er ikkje vanlegt i rein islandsk. Heller ikkje ai for ei, eller ay for ey. Den privative partikel er i islandsk ó-; i Saudebrevet, som ovanfor upplyst, oftast u-. Former som skipan f. þessarri dsf. og or præp., som Saudebrevet hev, er heller ikkje sers god islandsk (for skipun, þessi og úr).

Men alt det som i Saudebrevet vik av fraa dei maalföri, som her ovanfor er umhandla, er vel kjent fraa sudvestlandsk norsk. Og etter di baade gamall skrift og no livande maal syner, at dei indre og dei sydre bygder paa Sudvestlandet ogso hev havt endingsvokalarne i og u (umfram a), talar dei sterkaste grunnar for at maalet i Saudebrevet hev sin heimstad paa desse kantar. Me kann kanskje koma heimstaden endaa noko næmare. I ei norsk avskrift av landslogi (Borgartingslog) fraa fyrste helvti av 14de hundr. som finst i Cod. C 14 qv. paa Stockholms kgl. bibl. og som hev sitt maal fraa det nyst nemnde stroket paa Sudvestlandet, finn me mesta alle dei avvik som er umtala ovanfor. Liksom Saudebrevet kann ogso denne handskrifti hava u etter alle vokalar, men hev likevel alltid ero, og huerio og landino skifter med hueriu og landenu. Me finn ros (skrive sameleis som i Saudebrevet for hross), hion, or, hærtogha apl, skipan, pessarri; den privative partikel svagar millom o- og u-. e kann standa for upphavleg e (ađa, sam), for i-ljodbrigde av a (sælia, næt) og av á (bæđi); au vert samanskriven som i Saudebrevet, og for det vanlege ei vert ofte skrive ai men ey vert her skrive öy.

Maalet i Cod. 14 er lett aa heimfesta, med di det ofte skriv svarabhaktivokalen a: bakar, tækar, tennannar (for bakr, tekr, tennrnar). Saman med andre merke syner dette at maalet i Cod. 14 eig heima i dei indre bygder av Kristianssands bispedöme, helst Telemark. Millom C 14 og Saudebrevet er der likevel ein merkeleg skilnad i noko av e-bruket, med di C 14 skriv e i ord som fe og ver, ikkje fæ og vær som Saudebrevet. Men i ei onnor avskrift av Borgartingslogi, no. 3261 qv. i Kbh. kgl. bibl. gml. saml., finn me fæ og vær og mange dilike skrivemaatar. I 3261 er hand, rettskrivning og innehald so lik C 14 at utgjevarane av Norges gamle love (II 5) hev meint at handi er den same, medan Gustav Storm, som hev funne nokon skilnad, meiner at det heller er tvo skrivarar fraa same skule eller som skriv etter same bok. Tingen er at 3261 hev merke etter eit maalföre som maa ha lege noko lenger aust og sud enn C 14, og i dette maalföre maa ein yvergang fraa é til æ, vidare enn den eldre me kjenner fraa Island (sporadisk framför tt), ha vore mykje vanleg.

Fraa Aa sokn i Lyngdal paa Vest-Agder hev me eit norsk brev fraa 1312 (Dipl. Norv. IV 93). Maalet i dette brevet höyrer til same sudvestlandske maalgrein som her er i umröda, og er nettupp soleis som me skulde venta det etter dei no livande maalföre i dei indre bygder i Agder. Med maalet i Lyngdalsbrevet gamalt egdemaal fell maalet i Saudebrevet i det store og heile enno beter saman; alt til æ-bruket: sæm, bæggia og vær pron. er her sameleis. Millom deim som hev utferda Lyngdalsbrevet er der merkeleg nok ogso ein Teitr klærkr. Brevet er skrive knapt 14 aar etter Saudebrevet, so det er ikkje umogelegt at denne Teit klerk er den same som sira Teit i Saudebrevet. Det er mindre rimelegt at det so vidt samstundes hev livt tvo klerkar med dette namnet, som var lite bruka her i landet. Men kor det no kann vera med dette, so syner rettskrivningi i dei tvo umrödde brevi at det ikkje er same mannen som hev skrive baae. Lyngdalsbrevet hev soleis gh for spirantisk g og brukar skrivemaaten œy, medan Saudebrevet hev g og ay, umfram andre smaa avvik. Det er tvo skrivarar, som hev same maalföre, men ulik rettskrivning. terdi Saudebrevet er skrive paa eit egdsk maalföre, hev vel sira Teit vore fraa Agder einkvarstad 1), og det er daa ikkje urimelegt at me finn honom i Lyngdal i 1312, og at han hev vore tilstadar daa Lyngdalsbrevet vart utferda, medan ein annan skriveför mann, til dömes Ivar prest paa Aa, som ogso er nemnd millom utferdarane, hev skrive brevet paa det vanlege maalet der i bygderne ɔ: egdemaal.

22

[ocr errors]

Et

Nokre uvanlege former i Saudebrevet er nemnande. Sid. 17, stend uetrar hava for uetrar haga. Ogso sid. 13,, er der eit uvanlegt hava. Dette siste hava tek Jakobsen liksom avskrivaren fraa 1600 i Am. 316 som verbet hava, men med dette vert det brot paa setningsbygningi, medan hava for haga dsg ogso her gjev vanleg setningsbygning og rett meining. Avskrivaren av Saudebrevet i Cod. fol. H. L. 12 i Univ. bibl. Lund fraa fyrstningi av 14 aarh. maa ha vorte var at her var noko uvanlegt, for han spring yver staden og avstytter det heile. Paa baae staderne er det sjölv

1) Me hev i norsk eit mannsnamn Teis, som Ivar Aasen i Norsk Navnebog (Kra. 1878; sid. 84 og 89 note) helst trur er avstytting av Matthæus, liksom det nordtyske Theis vert forklaara. Teis maatte daa vera innfört hit, med di eit avstytt Matthæus ikkje kunde verta Teis etter vanlege norske ljodloger. Det er likevel eit spursmaal um ikkje det norske Teis, som berre er kjent fraa det ovanfor ofte nemnde Lyngdal, hev samanheng med det gamle Teit, anten soleis at det hev avlöyst Teit (liksom Amandus for Aamund, David for Dagfinn ofl.) eller hev vakse fram gjenom (mistyding av) samansetningar som Teitsson (utt. Teisson). Dei ikkje faa gards. namn Titland og Tisland i Vest-Agder tyder paa at namnet Teit hev havt heimen sin her. Ogso i Lyngdal er der eit Titland (< Tisland > Teisland > Teitsland). I Ryfylke noko nordanfor er Tysvör, det gamle Teitsfjordr. Med utvandrarar fraa desse landsluter kann daa Teit-namnet ha fylgt til dei norske nybygder i Vesterhavet, der me finn det mykje bruka baade paa Island og Shetland den dag i dag. Jfr. rygsk mnsn. Bus og Butr (Lind).

sagt at hava kann vera misskrift for haga. Men dersom det er egdemaal me hev fyre oss, kunde det syna eit tilvik til ein yvergang fraag etter vokal burtimot v, som no er gjenomförd paa Agder so langt vest som til Halsaa, um det ikkje er det same have, m. (indhegning, Ross) som enno liver i Mandalen, der g>v er ukjend, og som etter skrivemaaten Kalfvafua (= Kalfhaga) D. N. I 352 (Sogn 1358) i eldre tider synest ha vore meir utbreidt. I siolffæslumenn 14,, stend vel o for á. Saudebrevet hev lengjing av a framfor If (halvum 10.) liksom maalet i Vest-Agder enno hev hål (o: hálfr) og sjål (ɔ: sjálfr). Med skrivemaaten siolfkann me jamföra friolsat partic. og friolsa adj. apm i Dipl. Norv. IV 9587.9 (Drange paa Vest-Agder 1465), og skrivemaatar som koof, kaalf, kaafin for kalv, og sjofganggand (ɔ: *sjálfgangandi som gjeng sjölv utan hjelp) i ei ordlista fraa desse kantar i den Thottske samling i Kbhv. (no. 1506 qv.) fraa slutten av det 17 hundr. Uttalen av á hev vel vore diftongisk med ein heller sterk o-ljod, som desse skrivemaatar og oanæ Širæ (ɔ: aai Sira) i D. N. V 1013 (Lista 1513) tyder paa. Jamför ogso med dette shetlandsk o for á og den færöyske uttale boatur (for bátr).

6

Svarabhaktivokal finn me ikkje i Saudebrevet, men eingongr 12- apl for eingongur og uætrsætr 151, npl for uætrsætir adj. viser at maalföret paa denne tidi hev vore paa eit yvergangsstig og havt eit tilvik til ein halvljod, som hev teke sin lit fraa vokalen i fyrevegen. Soleis ogso aunnr for onnur i Lyngdalsbrevet.

vet

[ocr errors]

Saudebrevet finst ogso i ei avskrift med noko onnor uppsetjing i den fyrrnemnde Cod. H. L. 12 i Lund. Jakobsen viser tydeleg at der i denne handskrifti ikkje berre i det nemnde breer færöyske maalmerke (Innl. til Dipl. Fær. sid. XXXIX), og han meiner dette kann hava sin grunn deri at der er kome uppskrifter til Norig fraa Færöyarne gjenom bispen Erlend, og at desse uppskrifter hev vorte upptekne, helst uppatter avskrivne, i Cod. 12. Um dette er det likevel vandt aa segja noko visst, naar ein ikkje kjenner handskrifti heilt. Men skulde ein finna færöyske maalmerke paa noko mange stelle i boki, er det meir trulegt at det er ein færöysk avskrivar enn nokre færöyske uppskrifter me hev aa takka for dei nemnde maalmerki. Der er elles ogso merke etter islandsk og sunnhordsk i dei stykki som er prenta i Norges gamle love etter denne Cod. 12.

"Skipan um tingfarartodl" fraa umkr. 1400 (Dipl. Fær. sid. 27-28) er visst skrivi paa færöymaal, men inneheld dessverre, utanum stadnamn, liti upplysning um sjölve maalet. Præpositionen or vert her skriven vr (vr skuføy) som höver med nyfæröysk úr. Avstyttingi al' hev i teksti allstad vorte upplöyst alner, men burde vera alnir, som utgjevaren sjölv hev meint det etter noten paa sid. 28.

Skrivemaaten nordræygium 28, tenkjer Jakobsen seg (Innl. XLI) kann visa at ey alt ved dette tideleite hev vore uttala burt

imot oyggj (no. i fær. åiddzj). Dette er ikkje umogelegt, men det er likevel merkande at me finn ein innskoten g i dilike höve i mykje eldre skrifter ogso fraa andre stader i det norske maalvaldet, soleis i Didr. av Berns soga flygja bl. 77 b, møygiar bl. 81 b1 6 (citera etter hovudhandskr. Stockholm 4 fol. fraa umkr. 1300), Aygia Thom. erkeb. 234, (Ungers utg. etter hdskr. fraa slutten av 13de hundr.) og Olav Trygvas. soga 3210 (Groths utg. fraa 13de hundr.). Fraa same tid som denne skipnaden um tingfarartollen er ogso det vesle stykket um skuvöysysterne som er prenta i Innl. sid. XXVI. Det hev ein egte færöysk svip med former som Sivrdar gen. fækk (av fá) Sisæliv (kvendenamn) ett (for hét) og svarabhaktivokal u: systur pl. Men dættur (ft. av dóttir) maa vera islandsk. Den bundne adjektivartikel er herr enn. Ogso brevi um Gudrun i Husavik, som me skal tala meir um nedanfor, hev eit par gonger denne formi for artikelen. I dei færöyske kvædi er artikelen hin, i nyfæröysk alltid tann (av sá).

Brevet fraa Greip Ivarsson av 12 mai 1399 (sid. 31–35) er skrive i Skien, men maalföret i brevet eig heima paa Bergenskan

Det brukar halvljoden e, t. d. Greiper, adher, ligger, og sermerkjer seg med endingsvokalarne i ogo (til deils u). Dette er ei millomnorsk yvergangsform for eit eldre maalföre med i og ui utljod. Brev paa dette slag maalföre er mest alle skrivne i Bergen i siste fjordeparten av 14de hundr. og 1ste fjordeparten av 15de. Greip var fraa Sunnhordland og hev anten sjölv skrive brevet eller havt ein bergensk skrivar til det. Der er eit par smaa merke etter austnorsk: hæidharlæghom 31, allu(m) 32,, 3318 og det austnorske mannsnamnet Kativlsson 34, (< Ketilsson) 1).

Transskriftabrevet av 3 juli 1407 (sid. 48) med sine 6 vidissar (sid. 36-47) er skrive paa eit vestnorsk maalföre; det hev baade islandske, sernorske (ogso svenske ell. danske) og færöyske maalmerke.

Til islandsk reknar eg skrivemaaten hr i Hrossa lands strond 38,,, namn paa ei grend i Norig; eg gjeng daa ut fraa at hr paa denne tidi ikkje lenger livde paa Færöyarne. Sameleis til islandsk at avskrivaren alltid skriv æ eller e for a (lang o): dæmt 36, forseman 37, armadi 3713 hægenden 42, hegendum 39, grænt 40, (42,). Dei tri fyrste av desse former med labial konsonant tett etter vokalen eller tett fyre - og hegendum er mogelege ogso i heimenorsk, men plar der berre ovra seg sporadisk, og grænt er mesta raadlaust 2). fear 44, asg for føđur tyder paa yvergang ogso av

14

1) Rettingi afvindhlægrar i note 2 paa sida 33 for æfvirdhlægrar i teksti er tarvlaus. I sudvestlandsk hev me enno æverleg og æverdleg, og former med r i dette ordet er ikkje so sjeldsynte i diplom.

2) I ei ordlista fraa Nordhordland (Ådditam. 399 qv. i den Arnam. saml.), skrivt paa Osier straks nordanfor Bergen i 1723 finn me likevel fraa desse kantar: Hanaa (Hönen), aacker Hanaa (ager Hönen). Med di ordet i andre maatar er so likt dansk som mogelegt, kann det berre vera vokalen æ for ö som hev gjort det verdugt til upptaking i denne ordlista.

« AnteriorContinuar »